Viser 1–15 av 20 resultater
Vossakjøt Eldhusrøkt Fårepølse får 90g
Resepten på denne fårepølsa er reinskore fårekjøt av beste kvalitet og tradisjonsrike foredlingsmetodar.
Den milde røyksmaken og det ekstra møre kjøtet skriv seg frå eldhusrøyking der temperatur, luftfukt og ikkje minst tid er avgjerande for resultatet: Ikkje for lenge, ikkje for kort, men akkurat nok til å få fram smaken av vilt og vakkert Vestland!
kr 33,00Kjøp
Vossakjøt Fenalår skåret 100g
Det finaste lammekjøt, laga til slik vossingane alltid har gjort det. Tørr- og lakesalta og røykt i røykomn med spesialkomponert flisblanding.
Fenalåret frå Vossakjøt heng til naturleg modning under dagleg oppsyn i minst fire månader. Vind, vêr og godt trena auge avgjer når kjøtet er ferdig.
Du kan ikkje skunde på ekte fenalår – godt kjøt tar den tida det tar.
kr 80,00Kjøp
Vossakjøt Spekeskinke skåret 100g
Eit stykkje velsmakande, vestnorsk matkultur. Utvalde skinker av prima svin er tørrsalta, lakesalta og modna under naturlege forhold. Den rike, modne smaken skriv seg frå langtidstørking i det spesielle vossaklimaet – der kyst og lågland møter skog og høgfjell.
kr 55,00Kjøp
Vossakjøt Vossa Spianata skåret 100 gr
Smakfull spekematklassikar med italienske anar. Grovkverna svin og storfe med lite salt og perfekt balanse mellom kjøt og feitt.
Langtidsmodna i ein heilt spesiell temperatursyklus og lagt i press for å få den karakteristiske flate forma og det møre kjøtet som har gjeve romarane vatn i munnen i meir enn 2000 år. Krydra med paprika, grovpepar og varme smakar frå middelhavskysten.
kr 40,00Kjøp
Vossakjøt Fenalår røykt helt
Det finaste lammekjøt, laga til slik vossingane alltid har gjort det. Tørr- og lakesalta og røykt i røykomn med spesialkomponert flisblanding.
Fenalåret frå Vossakjøt heng til naturleg modning under dagleg oppsyn i minst fire månader. Vind, vêr og godt trena auge avgjer når kjøtet er ferdig.
Du kan ikkje skunde på ekte fenalår – godt kjøt tar den tida det tar.
kr 963,00Kjøp
Vossakjøt Fenalår urøkt helt
Ekstra mørt fenalår av finaste lammekjøt, foredla med teknikkar nedarva gjennom generasjonar. Litt mildare i smaken enn den røykte varianten.
Låret er tørr- og lakesalta og deretter naturleg modna i minst fire månader under dagleg tilsyn. Vind, vêr og godt trena auge avgjer når kjøtet er ferdig.
Du kan ikkje skunda på ekte fenalår – godt kjøt tar den tida det tar.
kr 963,00Kjøp
Vossakjøt Eldhusrøkt Pinnekjøtt beger vv 1,8 kg
Tradisjonsrik, vestnorsk festmat i urøykt versjon. Utsøkte lammesider lakesalta og tørrsalta i ryggen.
Ingen unødvendige tilsetjingsstoff – her er det den opphavlege kjøtsmaken som gjeld. Legg i vatn i 6-8 timar, damp på rist – helst av bjørkepinnar utan bark – til kjøtet losnar frå beina.
Når du lettar på lokket, kjenner du den makelause dufta som har gitt vestlendingar vatn i munnen i hundrevis av år. Pass på så det ikkje kokar tørt – og bruk gjerne sjyen som saus!
kr 855,00Kjøp
Vossakjøt Eldhusrøykt Pinnakjøt av sau ca 1,8 kg
- SAUEN ER EIT særnorsk kvalitetsprodukt. Sauen har ei genial tilpassing til norsk ressursgrunnlag. I tillegg gjev den lokale arbeidsplassar og ope landskap.
- Dette er verdt å ta med seg, både når det går mot jol og det er tid for fårikål, pinnakjøt, smalahove og røykjekjøt frå eitt av våre eldste husdyr, men også elles i året.
- DET BESTE PINNAKJØTET i landet, ifylgje ein test, kjem frå vårt distrikt. Og ver gjerne stolte forbrukarar og et sauekjøt i ei tid der det er grunn til å nyansera nokre av klimapåstandane.
- Sauehaldet vårt bør byggjast opp, og ikkje ned.
kr 504,00Kjøp
Vossakjøt Pinnekjøtt urøkt beger vv 1,8 kg
Tradisjonsrik, vestnorsk festmat i urøykt versjon.
Utsøkte lammesider lakesalta og tørrsalta i ryggen. Ingen unødvendige tilsetjingsstoff – her er det den opphavlege kjøtsmaken som gjeld. Legg i vatn i 6-8 timar, damp på rist – helst av bjørkepinnar utan bark – til kjøtet losnar frå beina.
Når du lettar på lokket, kjenner du den makelause dufta som har gitt vestlendingar vatn i munnen i hundrevis av år. Pass på så det ikkje kokar tørt – og bruk gjerne sjyen som saus!
kr 855,00Kjøp
Vossakjøt Chorizo snabb 300 gr
Saftig spekesnabb av prima svinebog. Lite salt, godt med paprika og kvitlauk.Choritzo, svinekjøtt.
kr 90,00Kjøp
Vossakjøt Mårsnabb 300 gr
Storfe-, får- og svinekjøt av beste kvalitet. Den unike smaken kjem frå den friske fjellufta og eldhusrøyken på Vinje, den lange, naturlege modninga på Granvin – og kunnskap nedarva gjennom generasjonar. Når du smakar på eit stykke Vossamår frå Vossakjøt, set du samtidig tennene i eit stykke vestnorsk historie.
kr 90,00Kjøp
Vossakjøt Ølsnabb 300 gr
Spekemat som gjer kvardag til høgtid. Nytast til forfriskande drikke. Naturleg modna
kr 90,00Kjøp
Vossakjøt Pepperoni snabb 300 gr
Eit fossefall av gode, sterke smakar. Svin og storfe krydra med chili, kvitlauk, svartpepar og fennikel, peperoni type.
kr 90,00Kjøp
Vossakjøt Raud Vossing snabb 300 gr
Lettrøykt spekesnabb med god, rund raudvinsklang. Raus på smak, gjerrig på salt.
kr 90,00Kjøp
Vossakjøt Reinsnabb 300 gr
Saftig reinkjøt med eiebær og pepar. Et tygg – og du er heilt på vidda. Naturleg modna.
kr 90,00Kjøp